Anders Hole konstituert som avdelingsdirektør
Nyheter
Publisert: 7. september 2023
Anders Hole (49) er konstituert som ny leiar av avdelinga for bank- og forsikringstilsyn i Finanstilsynet frå 15. september 2023.
Hole kjem frå stillinga som seksjonssjef for revisjon og rekneskapsføring. Han har arbeidd i Finanstilsynet i to periodar, frå 2002 til 2017 og frå 2020, og har erfaring frå både finansmarknadstilsyn og bank- og forsikringstilsyn. I perioden 2017–2020 var han advokatfullmektig og deretter senioradvokat i advokatfirmaet Selmer. I 2009 var han juridisk rådgivar i Statens Finansfond.
Hole har juridisk embetseksamen i rettsvitskap frå Universitetet i Oslo. Han tek over etter Ann Viljugrein, som går over i ei anna stilling i Finanstilsynet.
Foto: Jarle Nyttingnes