Unntak frå krav til stabil finansiering (NSFR)
Nyheter
Publisert: 20. oktober 2022
Kapitalkravsforordninga (CRR) sitt krav til stabil, langsiktig finansiering (NSFR) blei teken inn i norsk regelverk 1. juni 2022 gjennom endringar i CRR/CRD IV-forskrifta.
Finansieringsføretak, forvaltingsselskap med løyve til å yte aktiv forvalting og forvaltarar av alternative investeringsfond (AIF-forvaltarar) med løyve til å yte aktiv forvalting er omfatta av CRR/CRD IV-forskrifta.
Etter forskrifta § 2 nest siste ledd er føretaka som er nemnde over, unntekne frå delegert kommisjonsforordning (EU) 2015/61 om krav til likviditetsreserve (LCR) som utfyller CRR. Finanstilsynet har med heimel i CRR/CRD IV-forskrifta vedteke ei forskrift som unntek desse føretaka frå krava i CRR del seks, som mellom anna inneheld krav om stabil finansiering (NSFR). Verdipapirføretak er allereie unntekne frå CRR del seks, jf. CRR/CRD IV-forskrifta § 2 tredje siste ledd.