Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Unntak frå krav til stabil finansiering (NSFR)

Nyheter

Kapitalkravsforordninga (CRR) sitt krav til stabil, langsiktig finansiering (NSFR) blei teken inn i norsk regelverk 1. juni 2022 gjennom endringar i CRR/CRD IV-forskrifta.

Finansieringsføretak, forvaltings­selskap med løyve til å yte aktiv forvalting og forvaltarar av alternative investeringsfond (AIF-forvaltarar) med løyve til å yte aktiv forvalting er omfatta av CRR/CRD IV-forskrifta.

Etter forskrifta § 2 nest siste ledd er føretaka som er nemnde over, unntekne frå delegert kommisjonsforordning (EU) 2015/61 om krav til likviditetsreserve (LCR) som utfyller CRR. Finanstilsynet har med heimel i CRR/CRD IV-forskrifta vedteke ei forskrift som unntek desse føretaka frå krava i CRR del seks, som mellom anna inneheld krav om stabil finansiering (NSFR). Verdipapirføretak er allereie unntekne frå CRR del seks, jf. CRR/CRD IV-forskrifta § 2 tredje siste ledd.

Forskrift om unntak frå CRR-forordninga

Forskrift 18. oktober 2022 nr. 1759 om unntak fra CRR-forordningen (EU) nr. 575/2013

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less