Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Reviderte retningslinjer frå EIOPA for bruk av "Legal Entity Identifier" (LEI)

Reviderte retningslinjer frå EIOPA for bruk av "Legal Entity Identifier" (LEI)

Nyhet

Publisert: 28. juni 2022

Den europeiske tilsynsmyndigheita for forsikring og tenestepensjon, EIOPA, har revidert retningslinjene sine for bruk av "Legal Entity Identifier" (LEI) hos forsikringsføretak, pensjonskassar og forsikringsformidlarar.

Dei første retningslinjene frå EIOPA for bruk av LEI tok til å gjelde i 2015. Finanstilsynet har meddelt EIOPA at dei reviderte retningslinjene, som inneber nokre få endringar i forhold til dei tidlegare retningslinjene, vil bli følgde. Endringane inneber at filialar etablert i Noreg av føretak med hovudkontor i land utanfor EU/EØS, også skal ha ein LEI-kode som identifikator. Vidare inneber endringane at aktørar innanfor forsikrings­formidling, som har personleg føretak registrert i Brønnøysundregistra, også skal ha ein LEI-kode som identifikator. For pensjonskassane er det innført proporsjonalitetsvilkår for når det er krav om at dei skal inneha ein LEI-kode.

Kort om LEI:

Ein LEI-kode er ein global identifikator, ein 20-sifra alfanumerisk kode, basert på ISO 17442-standarden, og som blir tildelt av organisasjonen GLEIF (Global Legal Entity Identifier Foundation).

  • GLEIF (Global Legal Entity Identifier Foundation)

Informasjon om LEI og retningslinjene

  • Retningslinjer om bruk av global "Legal Entity Identificator" (LEI)

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less