Jo Gjedrem – ny forbrukarkoordinator i Finanstilsynet
Nyheter
Publisert: 8. juni 2021
Jo Gjedrem er tilsett som ny forbrukarkoordinator i Finanstilsynet. Gjedrem byrja i stillinga 1. juni. Gjedrem er jurist med lang erfaring frå Forbrukartilsynet.
Jo Gjedrem |
Finanstilsynet er i finanstilsynsloven pålagd å sjå til at alle føretaka under tilsyn tryggjer forbrukarane sine interesser og rettar. Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukaren og for tilliten til aktørane i finansmarknaden. Tenestetilbydarane skal tryggje kundane sine interesser og ta omsyn til kundane sine føresetnader for å forstå eigenskapane knytt til produkta. Forbrukarkoordinatoren har ei viktig rolle i å koordinere Finanstilsynets aktivitetar på forbrukarvernområdet. |
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.