Endringar i avhendingslova – minsteterskel for mangelskrav
Nyheter
Publisert: 22. oktober 2021
Frå 1. januar 2022 trer enkelte endringar i avhendingslova i kraft. Ei av endringane er at seljaren ikkje lenger gyldig skal kunne ta atterhald av typen «som han er» ved sal av eigedom til forbrukarkjøparar. Samtidig blir det innført ein minsteterskel for mangelskrav på 10 000 kroner.
Vedlegg
Eit sentralt omsyn bak endringane er å stimulere seljaren til å skaffe meir og betre informasjon om tilstanden til eigedommen. Finanstilsynet fekk spørsmål frå Norges eiendomsmeglerforbund om det er i strid med god meklarskikk dersom meklaren medverkar til å inngå avtalar der partane avtaler ein høgare minsteterskel. Finanstilsynet skreiv i svarbrevet sitt dagsett 19. oktober 2021 at det er i strid med god meklarskikk å legge til rette for ordningar som undergrev intensjonen til lovgivaren, og at ein uansett ikkje kan vike frå den nye føresegna om minsteterskel for mangelskrav i avhendingslova til kjøparen sin ugunst. I eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet av same dato uttrykte Finanstilsynet si forståing av avhendingslova på dette punktet.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.