Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Endringar i avhendingslova – minsteterskel for mangelskrav

Endringar i avhendingslova – minsteterskel for mangelskrav

Nyheter

Publisert: 22. oktober 2021

Frå 1. januar 2022 trer enkelte endringar i avhendingslova i kraft. Ei av endringane er at seljaren ikkje lenger gyldig skal kunne ta atterhald av typen «som han er» ved sal av eigedom til forbrukarkjøparar. Samtidig blir det innført ein minsteterskel for mangelskrav på 10 000 kroner.

Vedlegg

  • Brev til Norges Eiendomsmeglerforbund: Egenandelsbestemmelsen i avhendingsloven og god meglerskikk (pdf)
  • Brev til Justis- og beredskapsdepartementet: Egenandelsbestemmelsen i avhendingsloven (pdf)

Eit sentralt omsyn bak endringane er å stimulere seljaren til å skaffe meir og betre informasjon om tilstanden til eigedommen. Finanstilsynet fekk spørsmål frå Norges eiendomsmeglerforbund om det er i strid med god meklarskikk dersom meklaren medverkar til å inngå avtalar der partane avtaler ein høgare minsteterskel. Finanstilsynet skreiv i svarbrevet sitt dagsett 19. oktober 2021 at det er i strid med god meklarskikk å legge til rette for ordningar som undergrev intensjonen til lovgivaren, og at ein uansett ikkje kan vike frå den nye føresegna om minsteterskel for mangelskrav i avhendingslova til kjøparen sin ugunst. I eit brev til Justis- og beredskapsdepartementet av same dato uttrykte Finanstilsynet si forståing av avhendingslova på dette punktet.

 

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less