Søk Søk
Forside Nyhetsarkiv Sterk kundeautentisering for kortbetalingar i netthandel

Nyhet

Sterk kundeautentisering for kortbetalingar i netthandel

Sterk kundeautentisering (SKA) tredde i kraft i EØS-området 14. september 2019. For å unngå negative konsekvensar for brukarar som betaler med kort når dei handlar på nett, og for å få ei harmonisert innføring, har kortutferdarar, kortinnløysarar og netthandelsverksemd fått tid fram til 31. desember 2020 for å ferdigstille og iverksette SKA for kortbetalingar i netthandel.

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) melder at innan 31. desember 2020 skal kortutferdarar, kortinnløysarar og netthandelsverksemd ha ferdigstilt, testa og iverksett SKA.

Før EBA fastsette datoen hadde EBA gjort ei marknadsundersøking blant betalingsføretak, kortinnløysarar, kortutferdarar, og interesseorganisasjonar av brukarstader og forbrukarar, med omsyn til kor langt dei er komne med å innføre SKA.

Finanstilsynet vil følgje opp framdrifta hos føretaka fram mot 31. desember 2020. Oppfølginga er nærmare omtala i meldinga frå EBA.

Meir informasjon:

Kontaktperson