Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Oppheving og dels vidareføring av likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket

Oppheving og dels vidareføring av likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket

Nyhet

Publisert: 17. desember 2019

I juli 2019 vedtok EU-kommisjonen å oppheve likeverdsvurderingar for ni land når det gjaldt regelverket og dei tilsynsmessige rammene for kredittvurderingsbyrå. Likeverdsvurderingane vart oppheva fordi EU hadde innførd nye krav etter regelverket om kredittvurderingsbyrå etter at desse likeverdsvurderingane vart vedtekne. Etter ei ny vurdering kom EU-kommisjonen til at fire av landa oppfyller dei noverande krava i regelverket, og dei vedtok difor fire nye likeverdsvurderingar for desse landa.  Forordningane er tatt inn i EØS-avtala 6. desember 2019 og trer i kraft i norsk rett 1. januar 2020.

EU-kommisjonen avgjorde å vedta nye likeverdsvurderingar for dei følgjande landa:

  • USA (pdf)
  • Mexico (pdf)
  • Japan (pdf)
  • Hongkong (pdf)

På nettstaden til regjeringa finnast det EØS-notat for dei enkelte avgjerdene:

  • USA: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i USA
  • Mexico: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Mexico
  • Japan: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Japan
  • Hongkong: Vidareføring av likeverdsvurdering for regelverk om kredittvurderingsbyrå i Hongkong

EU-kommisjonen avgjorde å oppheve likeverdsvurderingane for regelverket om kredittvurderingsbyrå utan å vedta nye for Australia, Canada, Singapore, Brasil og Argentina.

Reglane vil gjennomførast i norsk rett gjennom forskrift om likeverdsvurderingar etter kredittvurderingsbyråregelverket. Reglane trer i kraft i norsk rett den 1. januar 2020.

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Twitter
  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt oss
  • Varsling til Finanstilsynet
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS
  • API for åpne data

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less