Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyringar frå ESMA: Forslag til reglar om garantiar, investeringsretningslinjer og PTRR-tenester etter EMIR 3

Høringer

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) ber om synspunkt på utkast til delegert rettsakt om bruk av garantiar som sikkerheit hos sentral motpart og dessutan synspunkt på sentrale motpartars retningslinjer for investeringar. Det blir også bede om synspunkt på krav til “Post-trade” risikoreduserande tenester (PTRR-tenester).

I 2012 fastsette EU reglar om OTC-derivat, verksemda til sentrale motpartar og transaksjonsregistre i forordning (EU) nr. 648/2016 (EMIR). Reglane er tekne inn i norsk rett i verdipapirhandelslova. I endringsforordning (EU) 2024/2987 (EMIR 3) er ESMA gitt eit mandat til å spesifisere kva typar garantiar som kan kvalifisere som sikkerheit hos sentral motpart. I tillegg foreslår ESMA nokre endringar i retningslinjene for sentrale motpartars investeringar. ESMA er også gitt eit mandat til å foreslå krav til PTRR-tenester. 

ESMA har no sendt forslag til utfyllande reglar om bruk av garantiar som sikkerheit hos sentrale motpartar og endringar i retningslinjene for sentrale motpartars investeringar på høyring. Utfyllande reglar med krav til PTRR-tenester er også sende på høyring. Formålet med høyringa er å innhente synspunkt og innspel frå partar som dette gjeld, særleg frå ikkje-finansielle motpartar om krav til garantiar. Når det gjeld PTRR-tenester er dette særleg relevant for aktørar som nyttar seg av porteføljekompressjon, rebalansering og basisrisikooptimalisering.

Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen for bruk av garantiar og retningslinjer for investeringar er 30. april 2026. Høyringsfristen for “Post-trade” risikoreduseringstenester er 20. april 2026.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • ESMA consults on guarantees as CCP collateral and on certain aspects of CCP investment policy
  • ESMA consults on post-trade risk reduction services under EMIR 3

Temaside om EMIR

  • EMIR
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less