Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå EU-kommisjonen: Nivå 2-reglar for prospekt

Høringer

EU-kommisjonen ønsker innspel til utkast til delegert forordning om endring av delegert forordning (EU) 2019/980. Forslaget gjeld standardisert format og rekkefølgje, og dessutan forenkla innhald, kontroll og godkjenning av prospektet. Høyringsfrist er 11 mars 2026.

Endringane i prospektforordninga, som ein del av «Listing Act», har som mål å insentivere notering av selskap på EUs kapitalmarknader ved å redusere dei administrative byrdene for utferdarar. Utkast til delegert forordning skal gjere prospekter enklare å utarbeide for utferdarar og meir leservernnlig for investor.

Forslaget omfattar standardisering og effektivisering av regelverket:

  • Forenkla innhald og kortare prospekter: Reduserer omfanget av prospekta for å gjere dei meir konsise.
  • Standardisert format og rekkefølgje: Fastset felles mal og rekkefølgje for informasjonen.
  • Harmonisert kontroll og godkjenning: Gjer tydeleg prosessane for kontroll og kondkjenning, inkludert tilhøyrande tidsfristar.

Finanstilsynet minner om at regelverkspakken “Listing Act” ikkje er gjennomført i norsk rett på nåverande tidspunkt. Finanstilsynet vil likevel oppfordre norske interessentar til å gi innspel på høyringa.

Høyringsfristen er 11. mars 2026.

Meir informasjon er tilgjengeleg på nettsida til EU-kommisjonen:

  • Listing Act and Prospectus Regulation – alleviated prospectus and supervisory convergence (delegated act)
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less