Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå EU-kommisjonen: Nivå 2-regelverk til MiFIR

Høringer

EU-kommisjonen har sendt på høyring eit forslag til utfyllande reglar om suspensjon av handelsplikta for derivat for utvalde motpartar. Høyringsfristen er 21. april 2026.

MiFIR gir finansielle og ikkje-finansielle motpartar ei handelsplikt på visse derivattransaksjonar. Handelsplikta inneber at derivattransaksjonen berre kan gjennomførast på regulerte marknader, MHF-er, OHF-er eller handelsplassar i tredjeland som er vurdert som likeverdige etter MiFIR artikkel 28. MiFIR Review innebar ei lemping av dette regimet ved at det blei innført ein rett for kommisjonen til å suspendere handelsplikta for visse motpartar, under visse vilkår. MiFIR Review, under dette suspensjonstilgangen, er enda ikkje vedtatt av EØS-komiteen og følgjeleg ikkje gjennomført i norsk rett.

Kommisjonen foreslår i høyringsforslaget å suspendere handelsplikta for fire spesifikke motpartar, avgrensa til handel på handelsplassar i Storbritannia. Vidare foreslår kommisjonen ei føresegn som oppgir retningslinjer for jamleg vurdering av om vilkåra for suspensjon av handelsplikta framleis ligg føre.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser eller marknadsaktørar som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ein ny høgring før regelverket blir tatt inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 21. april 2026.

Forslaget og meir informasjon er tilgjengeleg på EU-kommisjonens nettside: 

  • MiFIR - Suspension of the derivatives trading obligation under MiFIR for specific banks

Temaside for MiFID II / MiFIR

  • MiFID II / MiFIR
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less