Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå ESMA om endringar i retningslinjer til MAR

Høringer

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt utkast til endringar i retningslinjene til marknadsmisbruksforordninga (MAR) om utsett offentleggjering av innsideinformasjon på høyring. Høyringsfristen er 29. april 2026.

EU har gjennom Listing Act vedteke endringar i reglane i MAR om mellom anna utsett offentleggjering av innsideinformasjon. Desse endringane vil tre i kraft i EU i juni 2026. Regelverksendringane er førebels ikkje tekne inn i norsk rett.  

ESMA har no på høyring endringar i retningslinjer om utsett offentleggjering, for å tilpassa desse til det oppdaterte regelverket i MAR. Etter det nye regelverket vil utskrivarar ikkje lenger vere pålagde å straks offentleggjera innsideinformasjon knytt mellomliggjande steg i såkalla trinnvise prosessar. ESMA foreslår derfor å fjerna dagens døme på legitime interesser som spesifikt gjeld slike steg. Vidare blir det mellom anna foreslått å ta inn enkelte nye typetilfelle av legitime interesser for utsett offentleggjering. 

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. 

Høyringsfristen er 29. april 2026.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Consultation on MAR Guidelines on delay in the disclosure of inside information
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less