Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå ESMA: Endringar i retningslinjene til CSDR – førebuing til T+1

Høringer

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring forslag til endringar i retningslinjene til verdipapirsentralforordninga (CSDR). Endringane gjeld overgangen til ein kortare oppgjerssyklus (T+1). Høyringsfristen er 7. juli 2026.

ESMA har sendt på høyring forslag til endringar i retningslinjene om standardiserte prosedyrar for kommunikasjon som omfattar tildelingsmeldingar (allokeringar) og bekreftingar.

Gjennomgangen er ein del av førebuingane til overgangen til ein kortare oppgjerssyklus (T+1), og han gjenspeglar endringane som er foreslått i sluttrapporten til ESMA om endringar i RTS om oppgjersdisiplin.

  • Final Report On Amendments to the RTS on Settlement Discipline (13 October 2025 / ESMA74-2119945926-3430)

Dei reviderte retningslinjene er foreslått å gjelde frå 7. desember 2026, i samsvar med forventa dato for bruk av dei foreslåtte nye krava til tildelingsmeldingar (allokeringar) og bekreftingar etter RTS om oppgjersdisiplin.

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Høyringsfristen er 7. juli 2026.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • ESMA consults on revised guidelines to support smoother allocations and confirmations under T+1 (26/05/2026)
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less