Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå EBA om omklassifisering av verdipapirføretak til kredittinstitusjonar

Høringer

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt på høyring forslag til tre regulatoriske tekniske standardar (RTS) om når verdipapirføretak skal klassifiserast som kredittinstitusjonar. Høyringsfristen er 25. november 2026.

Etter kapitalkravdirektivet (CRD) artikkel 8a skal verdipapirføretak som driv eigenhandel eller yter fullteikningsgaranti eller plassering med fullteikningsgaranti, søke om løyve som kredittinstitusjon når dei samla eigedelane i føretaket overstig terskelen på 30 milliardar euro. Reglane gjeld både på føretaks- og gruppenivå.

CRD artikkel 8a er vedtatt gjennomført i finansføretakslova § 2-8 a som ein del av gjennomføringa av IFR og IFD i norsk rett. Det blir gjort merksam på at lovendringa ikkje har tredd i kraft enda.

EBA har sendt på høyring forslag til tre regulatoriske tekniske standardar (RTS) som utfyller regelverket. Forslaga gjeld

  • korleis terskelen på 30 milliardar euro skal bereknast
  • kva opplysingar verdipapirføretak skal rapportere til tilsynsmyndigheitene for at tersklane skal kunne overvakast
  • kva forhold tilsynsmyndigheitene skal legge vekt på ved vurderinga av om eit føretak kan få fritak frå kravet om løyve som kredittinstitusjon.

Dei tekniske standardane blir etter alt å dømme innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett ved inkorporasjon i forskrift.

Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som vi bør vere merksame på. Det vil som hovudregel ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket blir tatt inn i norsk rett.  

Høyringsfristen er 25. november 2026.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA:

  • Consultation on Regulatory Technical Standards on prudential requirements for investment firms
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less