Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå AMLA: Utfyllande reglar til EUs anti-kvitvaskingspakke

Høringer

Den nye europeiske myndigheita for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) har sendt på høyring tre forslag til utfyllande reglar til EUs regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Høyringsfristen er 8. mars for ein av høyringane, og 8. mai 2026 for dei to andre.

I mai 2024 vedtok EU ei ny regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Regelverkspakka består av ei forordning om plikter for privat sektor (forordning (EU)2024/1624 - kvitvaskingsforordninga), eit direktiv om nasjonale styresmakters plikter (direktiv (EU)2024/1640 – sjette kvitvaskingsdirektiv) og ei forordning om å opprette ei ny europeisk myndigheit for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering ((EU)2024/1620 - AMLA-forordninga).

AMLA har no sendt på høyring eit forslag til utfyllande reglar til føresegner i det nye regelverket om kundetiltak, reaksjonar som myndigheitene kan ilegge og kriteria for identifisering av kundeforhold, enkeltståande og samanhengande transaksjonar.

Høyringsnotata omfattar både forslag til plikter som skal påleggast forplikta einingar og offentlege myndigheiter. Formålet med høyringa er å innhente synspunkt og innspel frå partane som dette vedkjem. For reglane om kundetiltak og reaksjonar er det særleg ønskeleg med innspel frå ikkje-finansiell sektor.

Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett.

Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som vi bør vere merksame på. Det vil som hovudregel ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.

Høyringsfrist for dei utfyllande reglane om reaksjonar er 8. mars 2026.

Høyringsfrist for dei utfyllande reglane om kundetiltak og kriteria for identifisering av kundeforhold, enkeltståande og samanhengande transaksjonar er 8. mai 2026.

Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på AMLAs nettsider: 

  • Consultation on the draft RTS on pecuniary sanctions, administrative measures and periodic penalty payments
  • Consultation on the draft RTS on Customer Due Diligence
  • Consultation on the draft RTS on criteria for identifying business relationships, occasional and linked transactions and lower thresholds
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less