Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå AMLA: Utfyllande reglar om risikovurdering av forplikta einingar i ikkje-finansiell sektor

Høringer

Den europeiske myndigheita for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) har sendt på høyring forslag til tekniske reguleringsstandardar (RTS) om risikovurdering av forplikta einingar i ikkje-finansiell sektor. Høyringsfristen er 27. september 2026.

Reglane skal harmonisere korleis tilsynsmyndigheiter i EU vurderer risikoen for kvitvasking og terrorfinansiering hos forplikta einingar i ikkje-finansiell sektor. 

Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser som vi bør vere merksame på.

Høyringsfristen er 27. september 2026. 

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til AMLA:

  • Press Release: AMLA consults on harmonised risk assessments in the non-financial sector
  • Consultation on the draft RTS on the assessment of the inherent and residual risk profile of obliged entities in the non-financial sector

Temaside

  • Hvitvasking og terrorfinansiering
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less