Høyring frå AMLA: Utfyllande reglar om konsernomfattande minimumskrav og ytterlegare tiltak for datterselskap og filialar i tredjeland
Høringer
Den nye europeiske myndigheita for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) har sendt på høyring forslag til utfyllande reglar til antikvitvaskingsforordninga. Høyringsfristen er 15. juni 2026.
I mai 2024 vedtok EU ei ny regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Regelverkspakka består mellom anna av ei forordning om å forebygge og nedkjempe kvitvasking og terrorfinansiering ((EU) 2024/1624 – antikvitvaskingsforordninga).
AMLA har no sendt på høyring eit forslag til utfyllande reglar om konsernomfattande minimumskrav og ytterlegare tiltak for datterselskap og filialar i tredjeland. Reglane blir etter alt å dømme tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.
Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som vi bør vere merksame på. Det vil som hovudregel ikkje blir gjennomført ny høyring når regelverket blir tatt inn i norsk rett.
Høyringsfrist er 15. juni 2026.
Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til AMLA: