EU-kommisjonen foreslår mellombelse endringar i kapitalkrav for marknadsrisiko
Høringer
EU-kommisjonen har sendt på høyring eit forslag til delegert rettsakt om mellombelse endringar i kapitalkrava for marknadsrisiko. Forslaget er knytt til innføringa av nytt regelverk for marknadsrisiko (FRTB). Høyringsfristen er 19. mai 2026.
EU-kommisjonen har sendt på høyring eit forslag til delegert rettsakt om mellombelse tilpassingar i kapitalkrava for marknadsrisiko etter kapitalkravforordninga (CRR).
Bakgrunnen for forslaget er at gjennomføringa av Basel III-regelverket for marknadsrisiko er forseinka i fleire større tredjeland. Kommisjonen vurderer derfor at det er behov for mellombelse tiltak for å sikre like konkurransevilkår for europeiske institusjonar.
Forslaget opnar blant anna for målretta lettar i kapitalkrava for marknadsrisiko, både under standardmetodane og den alternative interne modellmetoden. Vidare blir det foreslått å innføre ein samla multiplikator for kapitalkrava knytte til marknadsrisiko. Tiltaka er meinte å vere mellombelse og tidsavgrensa.
Kommisjonen ber om innspel frå tilsynsmyndigheiter, finansføretak og andre berørte aktørar.
Høyringsfristen er 19. mai 2026.
Kommisjonen tar sikte på å vedta den delegerte rettsakta i løpet av andre kvartal 2026.
Høyringsdokument og meir informasjon er tilgjengeleg på EU-kommisjonens nettside: