Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

EU-kommisjonen ber om innspel til rammevilkåra for venture- og vekstkapitalfond

Høringer

EU-kommisjonen har opna to høyringar for å innhente synspunkt på korleis rammevilkåra for europeiske venture- og vekstkapitalfond kan forbetrast. Svarfristen er 12. mars 2026.

Om høyringane

Formålet med høyringane er å identifisere hindringar i marknaden og vurdere tiltak som kan bidra til å betre tilgangen til kapital for innovative selskap i EU. EU-kommisjonen uttaler at venture- og vekstkapitalfond speler ei sentral rolle i finansieringa av oppstarts- og vekstselskap, og er viktige for å styrke europeisk konkurransekraft, innovasjon og sysselsetting. 

Innspela vil inngå i den planlagde revisjonen av regelverket for europeiske venturekapitalfond (EuVECA), som etter planen skal leggast fram i tredje kvartal 2026. EU-kommisjonen vurderer også ein mogleg breiare initiativpakke som kan omfatte eit større spekter av forvaltarar. 

Regelverket i EU for venture- og vekstkapitalfond er tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i AIF-lova med forskrifter. Det er forventa at endringane vil vere EØS-relevante og få betyding for norske forvaltarar og investorar.

Dei to høyringane:

  • Ei målretta høyring, retta mot aktørar som fondsforvaltarar, bedrifter, institusjonelle investorar, tilsynsorgan og andre myndigheiter.
  • Ei offentleg høyring, open for alle interessentar.

Begge høyringane er opne fram til 12. mars 2026.

Informasjon og lenkar til konsultasjonane på EU-kommisjonens nettsider: 

  • Commission seeks input for venture and growth capital funds reform

Høyringa er også publisert av Finansdepartementet

Merk at departementet gjerne tar imot kopi av eventuelle innspel som norske interessentar sender til EU-kommisjonen på finansmarknadsfeltet.

  • Konsultasjon om venture- og vekstkapitalfond
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less