EU-kommisjonen ber om innspel til rammevilkåra for venture- og vekstkapitalfond
Høringer
EU-kommisjonen har opna to høyringar for å innhente synspunkt på korleis rammevilkåra for europeiske venture- og vekstkapitalfond kan forbetrast. Svarfristen er 12. mars 2026.
Formålet med høyringane er å identifisere hindringar i marknaden og vurdere tiltak som kan bidra til å betre tilgangen til kapital for innovative selskap i EU. EU-kommisjonen uttaler at venture- og vekstkapitalfond speler ei sentral rolle i finansieringa av oppstarts- og vekstselskap, og er viktige for å styrke europeisk konkurransekraft, innovasjon og sysselsetting.
Innspela vil inngå i den planlagde revisjonen av regelverket for europeiske venturekapitalfond (EuVECA), som etter planen skal leggast fram i tredje kvartal 2026. EU-kommisjonen vurderer også ein mogleg breiare initiativpakke som kan omfatte eit større spekter av forvaltarar.
Regelverket i EU for venture- og vekstkapitalfond er tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i AIF-lova med forskrifter. Det er forventa at endringane vil vere EØS-relevante og få betyding for norske forvaltarar og investorar.
Dei to høyringane:
- Ei målretta høyring, retta mot aktørar som fondsforvaltarar, bedrifter, institusjonelle investorar, tilsynsorgan og andre myndigheiter.
- Ei offentleg høyring, open for alle interessentar.
Begge høyringane er opne fram til 12. mars 2026.
Informasjon og lenkar til konsultasjonane på EU-kommisjonens nettsider: