ESMA ber om innspel til strukturen i den europeiske eigenkapitalmarknaden
Høringer
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har publisert ein rapport som gir ei oversikt over den europeiske eigenkapitalmarknaden, basert på MiFIR-transaksjonsdata for perioden 2022–2025. I samband med dette etterspør ESMA innspel om kva trendar og utviklingstrekk marknadsaktørar har observert, og om det er behov for ytterlegare regulatoriske tiltak.
Rapporten analyserer utviklinga i likviditeten i eigenkapitalmarknaden, både i og utanfor ordreboka, og inneheld i tillegg meir inngåande analysar av utvalde tema som handel i dark pools og bruk av periodiske auksjonar.
Fristen for å gi innspel er 30. juni 2026. ESMA ventar å publisere ein endeleg rapport i tredje kvartal 2026, basert på mottatte innspel.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom dei identifiserer forhold i rapporten som har særleg betyding for den norske marknaden.
Rapporten og svarskjema er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA: