Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

ESMA ber om faktagrunnlag: Tokenisering av sikkerheit som blir stilt overfor sentrale motpartar (CCP)

Høringer

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har publisert eit notat om tokenisering av sikkerheit (collateral) som blir stilt overfor CCPer. ESMA ønsker å undersøke tokenisering av sikkerheit nærmare for å få betre forståing for kva verknad tokenisering vil ha for sikkerheita som blir innhenta av CCPene og dessutan innhente informasjon for å ta stilling til om det trengst tiltak frå ESMAs side. ESMA inviterer interessentar til å svare på ei rekke spørsmål om dette innan 15. januar 2027.

Ei rekke aktørar ser på moglegheitene for tokenisering i finans, og særleg på korleis DLT-arrangement (distributed ledger technology) kan effektivisere post-trade-prosessar. I denne samanhengen er tokenisering av sikkerheiter relevant for CCPer.

ESMA ber derfor om ulike interessentars synspunkt på den framveksande bruken av tokenisert sikkerheit knytt til “sentral” clearing og særleg under kva forhold tokeniserte former for sikkerheit kan nyttast trygt og effektivt av EU CCPer. Notatet er særleg retta til infrastrukturføretak som CCPer og verdipapirsentralar, men blir også stila til clearingsmedlemmer og kundane deira, forvaltarar (custodians) og tredjepartsagentar (triparty-agents) og dessutan tilbydarar av tokenisering og DLT-løysingar. Notatet er også relevant for juridiske ekspertar, branjseforeninger og andre interessentar som har med handtering av sikkerheit å gjere, post-trade tenester eller utvikling av digital finansmarknadsinfrastruktur.

Vidare arbeid på området vil avhenge av resultatet av vurderinga og ESMAs arbeid med tokenisering på andre område av finansmarknaden.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold knytte til tokenisering av sikkerheit som blir stilt overfor CCPer som ein reknar med har særleg betyding for den norske marknaden.

Høyringsfristen er 15. januar 2027. 

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Call for evidence on the CCP collateral tokenisation
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less