Høyringar frå EIOPA: Forslag til nye tekniske standardar og retningslinjer knytte til krisehandteringsdirektivet for forsikringsføretak (IRRD)
Høringer
Publisert: 17. desember 2025
Den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmyndigheita (EIOPA) publiserte 9. desember ein serie med sju høyringar knytte krisehandteringsdirektivet for forsikrings- og gjenforsikringsføretak. Endringane vil tre i kraft frå 2027. Høyringsfristen er 20. mars 2026.
Høyringane med lenker til nettstaden til EIOPA:
- Utkast til regulatoriske tekniske standardar (RTS) om kontraktuell anerkjenning av suspensjon av hevingsrett o.a. under IRRD artikkel 52
- Utkast til regulatoriske tekniske standardar (RTS) som spesifiserer metodikken og prinsippa for verdivurdering av forpliktingar knytte til derivat
- Utkast til regulatoriske tekniske standardar (RTS) om sjølvstendet til verdivurderere for krisehandtering under IRRD artikkel 24 nr. 6
- Utkast til retningslinjer for ytterlegare spesifikasjon av kvalitative og kvantitative indikatorerer i gjenopprettingsplanlegginga
- Utkast til retningslinjer for ytterlegare spesifikasjon av korleis informasjon skal delast i summarisk eller samla form under IRRD artikkel 66 nr. 2
- Utkast til retningslinjer for ytterlegare spesifikasjon av moglege scenarium i gjenopprettingsplanlegginga
- Utkast til retningslinjer for ytterlegare spesifikasjon av kriteria for forenkla krav under IRRD
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsfristen er 20. mars 2026.