Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyringar frå EIOPA: Forslag til nye og endra tekniske standardar og retningslinjer til Solvens II-regelverket

Høyringar frå EIOPA: Forslag til nye og endra tekniske standardar og retningslinjer til Solvens II-regelverket

Høringer

Publisert: 22. oktober 2025

Den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmyndigheita (EIOPA) publiserte 9. oktober ein serie med seks høyringar knytte til endringar i Solvens II-regelverket for forsikringsføretak. Endringane vil tre i kraft frå 2027. Høyringsfristen er 5. januar 2026.

Desse høyringane dekker:

  1. Endringar i den tekniske standarden (forordning (EU) 2015/2451) om informasjon som tilsynsmaktene skal offentleggjere. Det blir forslått endringar for å tilpasse informasjonen til endringar i regelverket.
  2. Endringar i den tekniske standarden (forordning (EU) 2015/500) om godkjenning av matching-justering. Endringane reflekterer endringar i regelverket for matching-justering. Denne justeringa blir ikkje nytta av norske føretak.
  3. Endringar i EIOPAS retningslinjer for verdivurdering av forsikringstekniske avsetningar. Endringane er knytt til endringar i regelverket for berekning av risikomarginen.
  4. Endringar i EIOPAS retningslinjer for avgrensa fond ("ring-fenced funds"). Endringane inkluderer korreksjonar og tilpassingar til endra regelverk. Ingen norske føretak har avgrensa fond.
  5. Ny teknisk standard for å endre artikkel 58 i forordning (EU) 2015/35 om forenkla berekningar av risikomarginen. Dette er ei justering for å sikre konsistens mellom forordninga og det endra Solvens II-direktivet.
  6. Nye retningslinjer frå EIOPA om fullmaktene til tilsynsmaktene ved likviditetssårbarheiter. Retningslinjene spesifiserer kva tiltak tilsynsmaktene kan gjennomføre i ekstraordinære omstende for å redusere likviditetsrisikoen i føretaka.

Finanstilsynet legg til grunn at høyringane vil resultere i reglar som blir tatte inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett ved tilvising i Solvens II-forskrifta.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ei ny høyring før regelverket blir tatt inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 5. januar 2026.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EIOPA:

  • EIOPA launches new set of consultations related to the Solvency II Review
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less