Høyringar frå EBA: Forslag til nivå 2-reglar til CRD 6 om tredjelandsfilialar
Høringer
Publisert: 11. august 2025
EBA har publisert forslag til tre forordningar med utfyllande reglar til CRD 6 om tredjelandsfilialar av kredittinstitusjonar som har hovudsete utanfor EØS, og som vil yte banktenester i EØS (tredjelandsfilialar). Høyringsfristen for forordninga som gjeld rapportering til tilsynsmyndigheitene er 31. oktober 2025. Høyringsfristen for dei to andre forordningane er 10. oktober 2025.
I 2024 vedtok EU endringar i CRD IV (kapitalkravsdirektivet). Endringane blir omtalte som CRD 6. Endringane gjaldt blant anna filialar av kredittinstitusjonar som har hovudsete utanfor EØS, og som vil yte banktenester i EØS. Finansdepartementet sende 10. februar 2025 på høyring eit forslag utarbeidd av Finanstilsynet til gjennomføring av CRD 6 i norsk rett. Der foreslo Finanstilsynet at føresegnene i CRD 6 om tredjelandsfilialar blir gjennomførte i finansføretakslova og finansføretaksforskrifta. Forslaget er til behandling i Finansdepartementet.
EBA (Den europeiske banktilsynsmyndigheita) har nå sendt på høyring forslag til tre nivå 2-forordningar om tredjelandsfilialar, som vil utfylle føresegnene i CRD 6.
Det eine forslaget til forordning gjeld nærare krav til registrering av eigedelar og forpliktingar som er bokførte av, eller har oppstått i tredjelandsfilialen.
Det andre forslaget til forordning omhandlar samarbeid mellom tilsynsmyndigheiter og tilsynskollegium for tredjelandsfilialar.
Det tredje forslaget til forordning gjeld tredjelandsfilialar si plikt til å rapportere opplysningar til tilsynsmyndigheitene, under dette utkast til skjema som skal nyttast til rapporteringa.
Finanstilsynet legg til grunn at høyringane vil resultere i forordningar som blir tekne inn i EØS-avtalen, og at desse vil bli gjennomførte i norsk rett i EØS-tilpassa form ved tilvisingar i CRR/CRD-forskrifta.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast inn i norsk rett.
Sjå informasjon om høyringane på nettstaden til EBA:
- Draft Regulatory Technical Standards specifying the booking arrangements that third-country branches are to apply for the purposes of Article 48h of Directive 2013/36/EU
- Consultation on Regulatory Technical Standards on cooperation and colleges of supervisors for third-country branches
- Consultation on Implementing Technical Standards on the supervisory reporting of Third Country Branches