Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EU-kommisjonen: Identifisering av spotvalutareferanseverdiar etter referanseverdiforordninga artikkel 18a

Høyring frå EU-kommisjonen: Identifisering av spotvalutareferanseverdiar etter referanseverdiforordninga artikkel 18a

Høringer

Publisert: 27. mai 2025

EU-kommisjonen gjennomfører ein høyringsrunde der det blir bede om innspel til kva spotvalutareferanseverdiar som oppfyller vilkåra i referanseverdiforordninga artikkel 18a(1). Høyringsfristen er 4. juli 2025.

Kommisjonen gjennomfører ei høyring om kva for spotvalutareferanseverdiar som oppfyller vilkåra i referanseverdiforordninga artikkel 18a(1) for å kartlegge behovet for å gjere unntak for visse spotvalutareferanseverdiar etter artikkel 18a i referanseverdiforordninga. Referanseverdiforordninga (EU) 2016/1011 er gjennomført i norsk rett i lov om fastsetting av finansielle referanseverdiar (referanseverdilova). 

Høyringa er retta mot føretak under tilsyn som nyttar spotvalutareferanseverdiar, selskap som sikrar valutakursendringar med spotvalutareferanseverdiar, tilsynsmakter og referanseverdiadministratorar. Høyringa skal støtte identifiseringa til kommisjonen av spotvalutareferanseverdiar som oppfyller vilkåra i artikkel 18a(1) i referanseverdiforordninga. 

Finanstilsynet reknar med at kommisjonsforordninga blir tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i referanseverdiforskrifta.

Vi ber òg om at Finanstilsynet blir informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som tilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 4. juli 2025.

Les meir på nettsidene til kommisjonen:

  • Targeted consultation on the need to exempt spot FX benchmarks under Article 18a of Regulation (EU) 2016/1011
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less