Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EU-kommisjonen: Forenklingar i nivå 2-regelverk til taksonomiforordninga

Høyring frå EU-kommisjonen: Forenklingar i nivå 2-regelverk til taksonomiforordninga

Høringer

Publisert: 18. november 2025

EU-kommisjonen har sendt på høyring eit forslag til forenklingar av utfyllande regelverk til taksonomiforordninga. Høyringsfristen er 5. desember 2025.

Høyringa gjeld forenklingar i dei tekniske screeningkriteria i forordning (EU) 2021/2139 som gjeld dei to første miljømåla (avgrensing av klimaendringar og klimatilpassing) og forordning (EU) 2023/2486 som gjeld dei fire siste miljømåla (berekraftig bruk og vern av vass- og havressursar, omstilling til ein sirkulær økonomi, førebygging og avgrensing av forureining, og vern og restaurering av biologisk mangfald og økosystem). Formålet med endringane er å redusere rapporteringsbyrda, sikre betre samsvar med anna EU-lovgiving og gjere det lettare å dokumentere at føretaka oppfyller krava.

Reglane blir etter alt å dømme innlemma i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett ved inkorporasjon i forskrift til lov om offentleggjering av berekraftsinformasjon. Som hovudregel vil det ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket blir tatt inn i norsk rett.

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Høyringsfristen er 5. desember 2025.

Les meir på nettstaden til EU-kommisjonen:

  • Sustainable investment – review of the EU taxonomy environmental delegated act
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less