Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Tekniske standardar til MiFID II om EU-åtferdskodeks for utstederfinansierte analysar

Høyring frå ESMA: Tekniske standardar til MiFID II om EU-åtferdskodeks for utstederfinansierte analysar

Høringer

Publisert: 19. februar 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring eit forslag til regulatoriske tekniske standardar for etableringa av ein EU-åtferdskodeks ("code of conduct") for utstederfinansierte analysar ("issuer-sponsored research”) i MiFID II. Høyringsfristen er 18. mars 2025.

I oktober 2024 vedtok EU ein regelverkspakke for verdipapirmarknaden, kalla "Listing Act" (Direktiv (EU) 2024/2811). Regelverkspakken inneber endringar i fleire rettsakter, mellom anna MiFID II.

Eit av tiltaka i Listing Act-direktivet gjeld utstederfinansierte analysar. Gjennom artikkel 1(2)(a) i direktivet blir nye føresegner innførte i punkt 3a til 3e i artikkel 24 i MiFID II, som etablerer ein EU-åtferdskodeks for slike analysar. Formålet er å styrkja tilliten til og bruken av utstederfinansierte analysar.

Dei nye føresegnene fastslår at ESMA skal utarbeida utkast til regulatoriske tekniske standardar for å etablera ein EU-åtferdskodeks for utstederfinansierte analysar. ESMA konsulterer no om utforminga av desse standardane, som skal sendast til Europakommisjonen innan 5. desember 2025.

Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.

Høyringsfrist er 18. mars 2025.

Høyringsnotata og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Consultation on the draft RTS for the establishment of an EU code of conduct for issuer-sponsored research
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less