Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Nytt nivå 2-regelverk til AIFMD om låneutstedende fond

Høyring frå ESMA: Nytt nivå 2-regelverk til AIFMD om låneutstedende fond

Høringer

Publisert: 19. februar 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring eit forslag til nivå 2-reglar til AIFMD om kriterium for låneutstedende fond som kan vere opne. Høyringsfristen er 12. mars 2025.

I mars 2024 vedtok EU forordning (EU) 2024/927 om endringar i UCITS-direktivet og AIFMD. Forordninga er kjend som AIFMD/UCITS-review, og nasjonal gjennomføring av endringane skal i all hovudsak tre i kraft frå 16. april 2026.

Forordninga opnar for at alternative investeringsfond (AIF) skal kunne utstede lån. Fond som har som investeringsstrategi hovudsakleg å yte lån, eller som har utstede lån til ein nominell verdi som representerer minst 50 prosent av den netto eigedelsverdien av fondet, blir definert som låneutstedende AIF. Låneutstedende AIF skal som hovudregel vere lukka for teikning og innløysing, men kan vere ope dersom forvaltaren kan demonstrere at likviditetsstyringssystemet til fondet er kompatibelt med investeringsstrategien for fondet og innløysingstilgang.

Etter artikkelen i forordninga 16 (2f) skal ESMA utarbeide regulatoriske tekniske standardar for kriteria for at eit låneutstedende AIF kan vere ope. Konsultasjonen gjeld dei nærare krava som slike fond må overhalde for å kunne ha ein open struktur.

Høyringsfristen er 12. mars 2025.

Høyringsnotata og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Consultation on the draft regulatory technical standards on open-ended loan-originating AIFs under the AIFMD
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less