Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Krav til transparens om marginmodellar og simuleringsverktøy (EMIR)

Høyring frå ESMA: Krav til transparens om marginmodellar og simuleringsverktøy (EMIR)

Høringer

Publisert: 1. juli 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring eit utkast til delegert rettsakt om krav til transparens om marginmodellar og simuleringsverktøy blir tilboden av sentrale motpartar og clearingtenestetilbydarar. Høyringsfristen er 8. september 2025.

I 2012 fastsette EU reglar om sentrale motpartar i forordning (EU) nr. 648/2012 (EMIR). Reglane er teke inn i norsk rett i verdipapirhandelslova. I endringsforordning (EU) 2024/2987 (EMIR 3) er ESMA gitt eit mandat til å foreslå utkast til delegert rettsakt som oppgir nærare kva informasjon som skal givast om marginmodellar og marginsimuleringsverktøy som blir tilbodne av sentrale motpartar og clearingtenestetilbydarar.

ESMA har nå sendt eit forslag om krav til offentleggjering av informasjon om marginmodellar og marginsimuleringsverktøy på høyring.

Formålet med høyringa er å hente inn synspunkt og innspel frå partar som dette gjeld, særleg sentrale motpartar (central counterparties - CCP), clearingmedlemmer og clearingkundar som tilbyr tenester knytte til clearing (clearing service providers - CSP). Gjennom betra informasjon skal det sikrast auka synlegheit og føreseielegheit av marginkrav for clearingmedlemmer, clearingkundar og indirekte clearingkundar, slik at desse kan vidareutvikle eigne likviditetsstyringsstrategiar.

I høyringsnotatet foreslår ESMA detaljerte krav til informasjon om sentrale motpartars marginmodellar, under dette modelldokumentasjon og kva resultata frå marginsimuleringsverktøy bør omfatte. Vidare blir det foreslått detaljerte krav til informasjon om marginmodellar som blir nytta av clearingtenestetilbydarar vis a vis kundar, under dette også simulering av slik kundemargin.

Det er grunn til å tru at reglane blir teken inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 8. september 2025.

Høyringsnotatet er tigjengelig på ESMAs nettsider:

  • Consultation on EMIR 3 draft RTS on Margin Transparency requirements

Temaside om EMIR

  • EMIR
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less