Høyring frå ESMA: Korleis gjere det lettare for forbrukarar å investere i finansmarknaden
Høringer
Publisert: 30. mai 2025
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) ber om innspel frå investorar og forbrukarorganisasjonar for å forstå kva hindringar som finst for forbrukarar som gjer at dei avstår frå å investere i finansmarknadene. Høyringsfrist er 21. juli 2025.
ESMA er spesielt interessert i å forstå om visse krav til offentleggjering, kvalifikasjonar og hensiktsmessigheit - slik dei er utforma eller implementerte - kan skape utilsikta hindringar for småinvestorar. Målet er å få ei betre forståing for om det i dag finst regulatoriske eller andre hindringar for forbrukarar på finansmarknadene.
Høyringa er særleg retta mot forbrukarorganisasjonar, men også investeringsføretak, bankar og bransjeorganisasjonar blir inviterte til å bidra. Innsikta skal brukast til å vurdere om regelverket bør justerast for å styrke både investorvernet og deltakinga i finansmarknaden.
Svara vil danne grunnlaget for ei vurdering i tredje kvartal 2025, der ESMA kan foreslå konkrete endringar i regelverket.
Høyringsfrist: 21. juli 2025.
Høyringsdokumentet er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA: