Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Forslag til endringar i utfyllande reglar til verdipapiriseringsforordninga om offentleggjering

Høyring frå ESMA: Forslag til endringar i utfyllande reglar til verdipapiriseringsforordninga om offentleggjering

Høringer

Publisert: 21. februar 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring forslag til endringar i utfyllande reglar om skjema som skal nyttast for offentleggjering av private verdipapiriseringar. Høyringsfristen er 31. mars 2025.

EUs verdipapiriseringsforordning (forordning (EU) 2017/2402) introduserer enkel, transparent og standardisert verdipapirisering (såkalla STS - simple, transparent and standardised). Reglane for verdipapirisering blir gjennomførte i norsk rett i finansføretakslova kapittel 11 del III. Verdipapiriseringsforordninga vart teken inn i EØS-avtalen i juni 2024, men har ikkje tredd i kraft enno. Regjeringa har den 7. februar 2025 lagt fram forslag for å gjennomføre ei endringsforordning til verdipapirforordninga (forordning (EU) 2021/557) i norsk rett og om samtykke til godkjenning av EØS-komitéavgjerd nr. 145/2024, slik at reglane for verdipapirisering kan tre i kraft i Noreg.

Det følgjer av artikkel 7 i verdipapiriseringsforordninga at verdipapiriserer og spesialføretaket skal gjere informasjon om verdipapiriseringa tilgjengeleg for investorar, tilsynsmakter og, på førespurnad, for potensielle investorar. Forordning (EU) 2020/1224 og 2020/1225 er utfyllande reglar til verdipapiriseringsforordninga, og angir skjema som skal nyttast når aktørane i ei verdipapirisering skal gi opplysningar om verdipapiriseringar.

Høyringsnotatet frå ESMA inneheld eit forslag om eit forenkla offentleggjeringsskjema for private verdipapiriseringar, som tek omsyn til proporsjonalitet samtidig som transparensen blir halden oppe i tråd med verdipapiriseringsforordninga. Bakgrunnen for endringane er ein rapport datert 10. oktober 2022 frå EU-kommisjonen til rådet og parlamentet om verkemåten til verdipapiriseringsforordninga og tidlegare høyringar gjennomførte av ESMA.

Etter høyringa planlegg ESMA å publisere ein endeleg rapport og sende utkastet til tekniske standardar til EU-kommisjonen for godkjenning innan andre kvartal 2025. ESMA vil samarbeide tett med EU-kommisjonen i denne prosessen for å sørgje for at det blir samsvar med moglege endringar i nivå 1-regelverk.

Når dei utfyllande reglane blir tekne inn i EØS-avtalen, er det grunn til å tru at dei vil bli gjennomførte i norsk rett ved inkorporasjon i forskrift. 

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket blir teke inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 31. mars 2025.

Høyringsnotata og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Consultation on the revision of the disclosura framework for private securitisation

Annan relevant informasjon:

  • Delegert kommisjonsforordning (EU) 2020/1224
  • Gjennomføringsforordninga til kommisjonen (EU) 2020/1225
  • Consultation on the Securitisation Disclosure Templates (tidlegare høyring)
  • EØS-komiteens avgjerder i 2024 (regjeringa.no)
  • Lov om endringar i finansføretakslova (verdipapirisering og kreditorhierarki)
  • Lov om endringar i finansføretakslova osb. (syntetisk Sts-verdipapirisering osb.)
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less