Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Forenkling av rapportering av finansielle transaksjonar (EMIR, SFTR og MiFIR)

Høyring frå ESMA: Forenkling av rapportering av finansielle transaksjonar (EMIR, SFTR og MiFIR)

Høringer

Publisert: 30. juni 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) ber om innhenting av faktagrunnlag til ei heilskapleg tilnærming til forenkling av rapportering av finansielle transaksjonar etter EMIR, SFTR og MiFIR. Høyringsfristen er 19. september 2025.

Som eit ledd i ESMAs tiltak retta mot forenkling og reduksjon av byrder, og i lys av ulike pågåande initiativ fremja av EU-kommisjonen på dette området, blir ein høyring gjennomført der ESMA ber om faktagrunnlag som kan identifisere dei viktigaste kostnadsdrivarane knytte til regulatorisk rapportering av derivat, og korleis ein best kan forbetre det overordna rammeverket, under dette integrering, forenkling og effektivisering. Respondentane blir bedne om konkrete innspel om kostnadene dei står overfor, som følge av for eksempel overlappande og fragmenterte transaksjonsrapporteringskrav, og tilhøyrande byrder som er pålagde marknadsaktørane. ESMA ber også om tilbakemeldingar på dei ulike alternative scenarioa som tar sikte på å forenkle desse krava og tilhøyrande kostnader.

Basert på høyringsinnspela vil ESMA tidleg i 2026 utarbeide ein rapport som vil skissere hovudområda som er dekt av undersøkinga og eventuelle tiltak.

Vi ber om at Finanstilsynet blir informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som tilsynet bør vere merksam på.

Høyringsfristen er 19. september 2025.

Høringsnotatet  er tilgjengelig på ESMAs nettsider:

  • Call for evidence on a comprehensive approach for the simplification of financial transaction reporting
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less