Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA: Diskusjonsnotat om integrert rapportering av fondsdata

Høyring frå ESMA: Diskusjonsnotat om integrert rapportering av fondsdata

Høringer

Publisert: 25. august 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har publisert ei høyring som inviterer berørte aktørar å komme med innspel om rapportering av fondsdata. ESMA skal i etterkant av høyringa sende over til EU-kommisjonen ein rapport om integrert innsamling av tilsynsdata, med særleg vekt på å redusere dobbeltrapportering, og dessutan å forbetre standardisering og deling av rapporterte data. Høyringsfristen er 21. september 2025.

Rapporten blir utarbeidd i samsvar med endringsdirektivet til AIFM-direktivet og UCITS-direktivet ((EU) 2024/927), og skal sendast over til kommisjonen innan 16. april 2026.

Det er eit mål å redusere rapporteringsbyrda ved effektivisering og forenkling, og dessutan å etablere eit meir integrert rapporteringsrammeverk. Formålet med høyringa er først og fremst å identifisere og adressere område med duplisering og inkonsekvens mellom ulike rapporteringsforpliktingar i finanssektoren. ESMA vil også vurdere moglegheita for å forbetre datastandardisering og fremje meir effektiv deling og bruk av data som allereie er rapporterte under eksisterande EU-rammeverk. Styrking av samarbeid og informasjonsutveksling mellom tilsynsmyndigheitene vil sikre betre bruk av tilgjengelege data, redusere behovet for overflødig rapportering og forbetre fondstilsyn og statistisk analyse på tvers av det europeiske finanssystemet. Rapporten vil også tene som grunnlag for å utvikle tekniske standardar og eit rapporteringsrammeverk på EU-nivå.

Høyringa berører særleg forvaltarar av alternative investeringsfond og forvaltningsselskap for verdipapirfond.

Høyringsfristen er 21. september 2025.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Discussion Paper on the integrated collection of funds’ data
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo
Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972
Abonner på nyhetsvarsel

Til toppen av siden expand_less