Høyring frå ESMA: Deltakarkriterium hos sentral motpart (CCP) – EMIR
Høringer
Publisert: 15. oktober 2025
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) ber om synspunkt på utkast til delegert rettsakt om deltakarkriterium hos sentral motpart.
I 2012 fastsette EU reglar om verksemda til sentrale motpartar i forordning (EU) nr. 648/2016 (EMIR). Reglane er tekne inn i norsk rett i verdipapirhandelslova. I endringsforordning (EU) 2024/2987 (EMIR 3) er ESMA gitt eit mandat til å spesifisere kva element som bør vurderast når ein sentral motpart skal fastsetje deltakarkriterium.
ESMA har no sendt forslag til utfyllande reglar om deltakarkriterium hos sentrale motpartar på høyring. Formålet med høyringa er å innhente synspunkt og innspel frå partar som dette gjeld særleg frå sentrale motpartar og direkte og indirekte deltakarar, men også frå finansielle og ikkje-finansielle motpartar som kan vere potensielle deltakarar.
Det blir særleg bede om synspunkt på kva forhold den sentrale motparten skal ta i betraktning når han vurderer fastsetjing av opptakskriterium, og vurderer ikkje-finansielle motpartars evne som clearingmedlem til å oppfylle marginkrav og bidrag til misleghaldfondet.
Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 5. januar 2026.
Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA: