Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå ESMA – forslag til utfyllande reglar til ESG-forordninga

Høyring frå ESMA – forslag til utfyllande reglar til ESG-forordninga

Høringer

Publisert: 13. mai 2025

Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring utkast til tre tekniske standardar for å rangere miljømessige, sosiale og styringsmessige vurderingsaktivitetar (ESG-vurderingar). Høyringsfristen er 20. juni 2025.

I 2024 fastsette EU reglar om verksemda til leverandørar av miljømessige, sosiale og styringsmessige vurderingsaktivitetar i forordning (EU) nr. 3005/2024 (ESG-forordninga). Forordninga er foreløpig ikkje tatt inn i norsk rett, men er på høyring med frist 13. juni 2025. 

ESMA har no sendt forslag til tre nye tekniske standardar på høyring. Dei tekniske standardane som er foreslått, handlar både om innhaldskrav til søknad om godkjenning for leverandørar av ESG-vurderingar, nærare krav til tiltak som må bli sette i verk for å kunne tilby visse tenester, og krav til kva for informasjon som skal bli gitt til ulike aktørar. Formålet med høyringa er å hente inn synspunkt og innspel frå dei berørte partane.

Det er venta at reglane blir tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast inn i norsk rett.

Høyringsfristen er 20. juni 2025.

Høyringsdokumentet er tilgjengeleg på nettstaden til ESMA:

  • Consultation on the Technical Standards under the Regulation on the transparency and integrity of ESG rating activities
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less