Høyring frå EIOPA: Utkast til tekniske standardar om funksjonsmåten til kriseutvala etter IRRD
Høringer
Publisert: 11. august 2025
EIOPA publiserte 22. juli 2025 ei høyring om funksjonsmåten til kriseutvala etter krisehandteringsdirektivet for forsikring (IRRD).
Dei utpeika krisehandteringsmyndigheitene skal etablere kriseutval (resolution colleges) for visse forsikrings- og gjenforsikringsselskap som skal krisehandterast og som driv verksemd over landegrensene. Utkastet regulerer den operasjonelle gjennomføringa av slike kriseutval.
Fristen for å sende inn høyringssvar til EIOPA er 31. oktober 2025.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.
Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EIOPA: