Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Retningslinjer om føretak som yter tilknytta tenester

Høyring frå EBA: Retningslinjer om føretak som yter tilknytta tenester

Høringer

Publisert: 9. juli 2025

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 7. juli 2025 ei høyring om retningslinjer for å identifisere føretak som yter tilknytta tenester («ancillary services undertaking»). Retningslinjene vil gjelde for bankar m.fl. Høyringsfristen er 7. oktober 2025.

Forordning (EU) 2024/1623 (CRR3) endrar blant anna definisjonar av omgrepa «føretak som yter tilknytta tenester» og «finansinstitusjon» i artikkel 4(1) punkt (18) og (26). Endringane skal bidra til auka klarleik, ein meir einsarta bruk av konsolideringsreglane og styrkt tilsyn med risiko på konsolidert nivå. 

Etter endringane i CRR3 er EBA pålagd å utarbeide retningslinjer for å spesifisere kriteria for kva for aktivitetar som er omfatta av definisjonen av «føretak som yter tilknytta tenester». Retningslinjene skal klargjere kva for aktivitetar som er 

  • direkte forbunde med bankverksemd 
  • å rekne som støttefunksjonar til bankverksemd (f.eks. operasjonell leasing, eigedomsforvalting og databehandling) 
  • tilsvarande aktivitetar som er vurderte av EBA

Høyringsfristen er 7. oktober 2025.  

Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Sjå informasjon om høyringa på nettstaden til EBA: 

  • Consultation on Guidelines on Ancillary Services Undertakings
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less