Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA om gebyr for validering av pro forma-modeller etter EMIR 3

Høyring frå EBA om gebyr for validering av pro forma-modeller etter EMIR 3

Høringer

Publisert: 11. mars 2025

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) gjennomfører ei høyring om gebyr knytte til validering av pro forma-modeller i endring av forordning om OTC-derivat, sentrale motpartar og transaksjonsregister (forordning (EU) 2024/2987, (EMIR 3)). Høyringa er relevant for finansielle og ikkje-finansielle motpartar som nyttar slike modellar. Høyringsfristen er 7. april 2025.

EMIR er gjennomført ved inkorporasjon i verdipapirhandelslova § 17-1 og tredde i kraft i juni 2017. EMIR 3 er førebels ikkje teken inn i norsk rett. I tråd med tidlegare praksis, sjå rundskriv 6/2017, ventar Finanstilsynet at føretak under tilsyn og andre relevante aktørar i utgangspunktet forheld seg til EMIR slik dette regelverket til kvar tid gjeld i EU.

EMIR 3 inneber krav til godkjenning av modellar som bereknar "initial margin" for OTC-derivat og etablering av ein sentral valideringsfunksjon hos EBA for pro forma-modeller (i hovudsak ISDA Standard Initial Margin Model (SIMM)). For å dekkje kostnadene ved denne valideringa, blir det foreslått å innføre årlege gebyr. Gebyra blir fastsette på bakgrunn av månadleg gjennomsnittlege uteståande nominelle verdi (aggregate average notional amount) av OTC-derivat som ikkje cleares av ein sentral motpart (central counterparty (CCP)) over dei siste 12 månadene.

EU-kommisjonen har den 31. juli 2024 bede om innspel (call for advice) innan 2. kvartal 2025 på moglege utfyllande reglar om gebyr. Innspela som blir mottekne i høyringa vil bidra til å ferdigstille EBAs svar til kommisjonen. Høyringsdokumenta og informasjon om korleis ein kan gi innspel er tilgjengelege på EBAs nettstad.

Høyringsfristen er 7. april 2025.

Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA:

  • The EBA consults on fees to validate pro forma models under the European Market Infrastructure Regulation

Relatert innhold

  • Rundskriv 6/2017: Gjennomføring av EMIR
  • Forordning (EU) 2024/2987, (EMIR 3)
Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less