Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Nivå 2 regelverk om endringar i IRB-systemet

Høyring frå EBA: Nivå 2 regelverk om endringar i IRB-systemet

Høringer

Publisert: 20. januar 2025

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har som eit ledd i arbeidet med kapitalkravforordninga (CRR3) sendt på høyring utkast til endringar i regelverket for vesentlege endringar i modellane til bankane til å berekne kapitalkravet for kredittrisiko (IRB-metode). Frist for høyringa er 10. mars 2025.

I samsvar med kapitaldekningsforordninga artikkel 143 krev vesentlege modellendringar og endringar i bruksområde godkjenning frå tilsynsmyndigheitene. 

Delegert kommisjonsforordning 529/2014 angir kvalitative og kvantitative kriterium for kva som skal reknast som vesentlege endringar, og dessutan kriterium og prosedyrar for andre endringar som skal notifiserast.

Formål med denne gjennomgangen er å tilpasse reglane til endra kapitalkravforordning (CRR3) og klargjere enkelte vurderingskriterium for vesentlege modellendringar.

Høyringsfristen er 10. mars 2025.

Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettsida til EBA: 

  • The EBA consults on draft technical standards that specify material changes and extensions to the Internal Ratings Based approach
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
Til toppen av siden expand_less