Høyring frå EBA: Forslag til reviderte SREP-retningslinjer og tilsynsmessig stresstesting
Høringer
Publisert: 6. november 2025
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) ber om synspunkt på forslag til reviderte retningslinjer for SREP (Supervisory Review and Evaluation Process) og tilsynsmessig stresstesting. Høyringsfristen er 26. januar 2026.
Formålet med endringane er å forenkle og effektivisere tilsynsrammeverket i EU, og samtidig styrke ein risikobasert og robust tilsynspraksis.
Dei reviderte retningslinjene viser tydelegare til proporsjonalitetsprinsippet og inkluderer nye krav som kjem med det reviderte kapitalkravsdirektivet, CRD 6. Vurderingar knytte til renterisiko (IRRBB) og kredittspreadrisiko (CSRBB) er omtalte i retningslinjene. Berekraft (ESG) og operasjonell robustheit får òg ei meir sentral rolle i retningslinjene. EBA planlegg for ei meir fleksibel opptrapping av tilsynstiltak og tydelegare kommunikasjon av SREP-resultata.
Når dei nye retningslinjene trer i kraft, blir samtidig dei nogjeldande SREP-retningslinjene og retningslinjene for IKT-risikovurdering oppheva.
Høyringsfristen er 26. januar 2026. EBA vil gjennomføre ei nettbasert offentleg høyring 4. desember 2025.