Høyring frå EBA: Forslag til endringar i utfyllande reglar til kapitalkravforordninga (CRR) om førehandsløyve for å redusere ansvarleg kapital og konvertibel gjeld
Høringer
Publisert: 21. august 2025
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert forslag til endringar i delegert kommisjonsforordning (EU) 241/2014 om tidspunktet for søknader om førehandsløyve for å redusere ansvarleg kapital og konvertibel gjeld. Høyringsfristen er 9. oktober 2025.
Kapitalkravforordninga artikkel 77, 78 og 78a har krav om førehandsløyve for å redusere ansvarleg kapital og konvertibel gjeld. Det er gitt utfyllande reglar i delegert kommisjonsforordning (EU) 241/2014, under dette reglar om innhald i søknaden og saksbehandlingstid.
EBA har sendt på høyring forslag om å forkorte søknadsfristen for søknader om reduksjon av ansvarleg kapital og konvertibel gjeld frå fire til tre månader.
EBA foreslår i tillegg å oppheve dei forenkla søknadskrava for reduksjon av konvertibel gjeld, som gjeld for føretak der krisehandteringsstyresmaktene har sett eitt MREL-krav (krav til ansvarleg kapital og konvertibel gjeld) som ikkje overstig tapsabsorberingsbeløpet.
Finanstilsynet legg til grunn at høyringa vil resultere i ei endringsforordning som blir teken inn i EØS-avtalen, og at endringsforordninga vil bli gjennomført i norsk rett i EØS-tilpassa form ved inkorporasjon i CRR/CRD-forskrifta.
Finanstilsynet ber føretaka informere tilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når endringane skal gjennomførast i norsk rett.
Høyringsfristen er 9. oktober 2025.
Sjå informasjon om høyringa på nettstaden til EBA: