Høyring frå EBA: Endringar i regulatoriske tekniske standardar om risikovekter og minimumsverdiar ved tap gitt misleghald (LGD)
Høringer
Publisert: 16. mai 2025
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert eit høyringsnotat med utkast til endringar i delegert kommisjonsforordning (EU) 2023/206. Høyringsfristen til EBA er 30. mai 2025.
Kommisjonsforordninga spesifiserer faktorane som føretaka skal ta omsyn til når dei vurderer hensiktsmessigheita av risikovekter for eksponeringar sikra med pant i fast eigedom og minimumsverdiar for tapsgrad gitt misleghald (LGD) for slike eksponeringar.
Formålet er først og fremst å tilpasse juridiske referansar til nye eksponeringskategoriar i kapitalkravsforordninga (CRR 3) og sikre regulatorisk konsistens. Endringane omfattar ei justering av dei juridiske referansane i kommisjonsforordninga som viser til nye eksponeringskategoriar i CRR 3, og endringar i omgrep. Det sistnemnde inneber at kommisjonsforordninga no refererer til inngangsverdiar for LGD-golv på individuelt eksponeringsnivå, mot tidlegare «minimum LGD-verdiar» på porteføljenivå. Sjølve kriteria er uendra, og endringane er derfor ikkje av materiell betydning.
Høyringsfristen til EBA er 30. mai 2025.
Høyringsnotatet er tilgjengeleg på nettstaden til EBA: