Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Finanstilsynet
Søk i nettstedet
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Endringar i benchmarking av internmodellar i 2026

Høyring frå EBA: Endringar i benchmarking av internmodellar i 2026

Høringer

Publisert: 27. mars 2025

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) publiserte 25. februar 2025 ei høyring om endringar i innsamlinga av data knytte til internmodellar for kredittrisiko, berekning av forventa kredittap og marknadsrisiko for benchmark-undersøkinga i 2026. Høyringsfristen til EBA er 26. mai 2025.

EBA gjennomfører årleg «EBA Benchmarking Exercise», der det blir samla inn data frå bankar som bruker internmodellar (IRB-modellar) for å berekne kapitalkrav. Desse dataa gjer det mogleg at tilsynsmyndigheitene kan samanlikne modellestimat mellom bankane («supervisory benchmarking»). Datainnsamlinga gjer det òg mogleg å overvake og forklare variasjonen i risikovekter for eigedelar over tid, samtidig som ho gir bankane informasjon som gjer dei i stand til å samanlikne eigne risikovurderingar med gjennomsnittet på nivåa til EU og enkeltland. 
For benchmark-undersøkinga i 2026 er desse endringane foreslått:

  • For marknadsrisiko: Malar og instruksjonar for det nye rammeverket for den interne modelltilnærminga (IMA), som speglar endringane som blei innførte med FRTB (Fundamental Review of the Trading Book). 
  • For kredittrisiko: Definisjonen av aktivaklassar blir tilpassa inndelinga av IRB-malar for kredittrisiko, slik han er vedtatt i dei reviderte gjennomføringsmessige tekniske standardane (ITS) for tilsynsrapportering. 

Datainnsamlinga er regulert gjennom ein teknisk standard (ITS), og det er endringar i denne standarden som no er på høyring.

Høyringsfristen til EBA er 26. mai 2025.

Høyringsnotatet er tilgjengeleg på nettstaden til EBA:

  • Consultation on amending ITS on benchmarking exercises

 

Til toppen av siden expand_less

Fant du det du lette etter?

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less