Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyringar frå EU-kommisjonen: Gebyr for transaksjonsregister, verdipapiriseringsregister, administratorar av enkelte finansielle referanseverdiar og kredittvurderingsbyrå

Høyringar frå EU-kommisjonen: Gebyr for transaksjonsregister, verdipapiriseringsregister, administratorar av enkelte finansielle referanseverdiar og kredittvurderingsbyrå

Høringer

Publisert: 5. januar 2024

Konsultasjonane gjeld forenkling og harmonisering av reglane om gebyr som blir pålagt føretak som står under direkte tilsyn av den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA). Høyringsfristen er 31. januar 2024.

EU-kommisjonen har no sendt på høyring eit forslag til reglar som harmoniserer og forenklar tekniske aspekt ved ESMAs innsamlingssystem for gebyr slik at det blir mindre komplekst og meir sektorharmonisert. Det gjeld transaksjonsregister etter EMIR (forordning (EU) nr. 648/2012) og STFR (forordning (EU) 2015/2365), verdipapiriseringsregister etter verdipapiriseringsforordninga (forordning (EU) 2017/2402), administratorar av EU-kritiske finansielle referanseverdiar etter referanseverdiforordninga (forordning (EU) 2016/1011) og kredittvurderingsbyrå etter kredittvurderingsbyråforordninga (forordning (EF) nr. 1060/2009). Finanstilsynet legg til grunn at høyringa vil resultere i reglar som blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i forskrifts form.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som tilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett. 

Høyringsfristen er 31. januar 2024.

Les meir på EU-kommisjonens nettsider:

  • European Securities and Markets Authority – harmonising and simplifying fees charged to trada repositories under EMIR
  • European Securities and Markets Authority – harmonising and simplifying fees charged to securitisation repositories
  • ESMA - harmonising and simplifying the delegated act on fees to certain benchmark administrators
  • European Securities and Markets Authority – harmonising and simplifying fees charged to trada repositories under SFTR
  • European Securities and Markets Authority – harmonising and simplifying fees charged to credit rating agencies
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less