Høyring om tekniske standardar for overvaking etter DORA-regelverket
Høringer
Publisert: 7. mai 2024
Dei europeiske finanstilsynsmyndigheitene (EBA, EIOPA og ESMA – ESA-ane) har publisert ei høyring med frist 18. mai 2024 som gjeld utkast til regulatoriske tekniske standardar (RTS) for overvaking av kritiske IKT-tenesteleverandørar. Dei tekniske standardane omfattar korleis overvaking av kritiske IKT-tenesteleverandørar skal gjennomførast og etableringa av felles undersøkingsteam.
Hovudmålet med utkastet til dei regulatoriske tekniske standardane er å presisere kriteria for korleis ein skal sette saman dei felles undersøkingsteama slik at dei har ei balansert representasjon av medlemmar frå dei ulike ESA-ane og relevante kompetente myndigheiter, val av medlemmar og kva for arbeidsoppgåver dei skal ha.
Fristen for å sende innspel til høyringa er 18. mai 2024.
DORA-forordninga vil gjelde i EU frå 17. januar 2025. Forordninga har som mål å styrke den digitale operasjonelle motstandskrafta til føretak i finanssektoren i EU/EØS og å harmonisere sentrale krav til digital operasjonell motstandskraft for alle finansielle føretak i EU/EØS. Dette regelverket dekker nøkkelområde som IKT-risikostyring, IKT-relatert hendingshandtering og rapportering, digital operativ motstandstesting og styring av IKT-tredjepartsrisiko.
DORA har gitt ESA-ane mandat til å utvikle ei rekke tekniske standardar der dette er éin av dei.
Lenke til høyringa:
Om høyringa
Kommentarar til høyringane kan sendast til ESA-ane ved å klikke på lenkene under "Respond" på konsultasjonssida. Ver merksam på at fristen for å komme med merknader er 18. mai 2024. Alle innkomne bidrag vil bli publiserte etter endt høyring, med mindre det er bedt om noko anna.