Høyring frå EU-kommisjonen om kunstig intelligens i finanssektoren
Høringer
Publisert: 1. juli 2024
EU-kommisjonen har publisert ei høyring om kunstig intelligens i finanssektoren. Formålet er å identifisere dei viktigaste bruksområda, og i tillegg fordelar, utfordringar og risikoar. Høyringsfristen er 13. september 2024.
EU-kommisjonen har også publisert ei oppfordring om å delta i arbeidsgrupper om kunstig intelligens som Europakommisjonen skal organisere saman med The European Forum for Innovation Facilitators (EFIF) og dei europeiske finanstilsynsmyndigheitene for bank-, forsikrings- og verdipapirmarknaden (EBA, EIOPA og ESMA) i fjerde kvartal 2024.