Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EU-kommisjonen: Nivå 2-reglar til forordninga om grøne obligasjonar

Høyring frå EU-kommisjonen: Nivå 2-reglar til forordninga om grøne obligasjonar

Høringer

Publisert: 19. desember 2024

EU-kommisjonen har sendt forslag til tre nivå 2 forordningar om grøne obligasjonar på høyring. Høyringsfristen er 28. januar 2025.

Det blir foreslått for det første ei forordning om frivillige målar for etterfølgjande rapportering av obligasjonar som blir marknadsførte som miljømessig berekraftige eller er "sustinability-linked bonds". Vidare blir det foreslått ei forordning om gebyr som ESMA skal krevje inn av eksterne kontrollørar. Det blir også foreslått ei forordning som spesifiserer prosedyrar ESMA skal følgje ovanfor eksterne kontrollørar ved bruk av straffegebyr.

Forordning (EU) 2023/2631 om grøne europeiske obligasjonar er til no ikkje teken inn i norsk rett. Det er grunn til å tru at reglane blir tekne inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett som forskrifter.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje bli gjennomført ei ny høyring når regelverket skal gjennomførast i norsk rett.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EU-kommisjonen:

  • Green bonds and sustainability-linked bonds – templates for voluntary post-issuance disclosures

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less