Høyring frå EU-kommisjonen: Ekvivalens for forsikringsføretak i tredjeland
Høringer
Publisert: 8. februar 2024
Konsultasjonen gjeld nivå-2 regelverk knytt til Solvens II og fornying av eksisterande føresegn om solvensregimet som er gjeldande i USA.
EU-kommisjonen har no sendt forslag til forlenging av USAs mellombelse ekvivalensavgjerd som følgjer av Artikkel 227 i Solvens II og gjeld ekvivalens for forsikringsselskap frå tredjeland som er ein del av ei finansiell gruppe med hovudkontor i EU på høyring.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg tydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje blir gjennomført ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Frist for å gi tilbakemelding på utkast er 5.mars 2024.
Les meir på EU-kommisjonens nettsider: